Då har vi henta vore Belted Galloway kyr! To store nydelige kyr med kvar sin vesle kalv, den minste er berre uimotståeleg:) Der var veldig stressa over å verte flytta og måtte stå i hestehengar. Så for å få dei ut av hengaren bygde vi gjerde rundt heile hengaren, og så gjekk dei pent å pynteleg inn i ingjeringa si. Dei står no rett opp for huset, der grønnsakshagen skal verte etter kvart:) Bilete kjem i morga trur eg, må berre få dei med svigerfar fyst, han har teke mange fine bilete, ein mykje flinkare og betre utstyrt fotograf enn meg:)

I dag gjekk eg, håvard, Ronja, og håvrd sine foreldre på lamatur til molladalen. Det er ikkje spøk, vi fekk med oss septimus heilt fram, og det uten større problem. Litt småknoting må ein rekne med fyste gangen.) Litt redd vatn, og har sine meiningar om kvar han synest det er best å gå. Men etter kvart har han lært seg å gå fint i tau bak meg. Ganske bratt og steinete, men der har han ferre probem enn meg eigentleg:) Vi gjekk på høgresida av elva, for å sleppe å gå der ein må halde i kjetting, sidan dette er litt vanskelig for septimus, og personleg likte eg betre denne sida...

Reven har nok teke nok ei høne. Sinderella har ikkje vist seg sidan dagen etter den fyste høna forsvann. Ho er lett på vengjane og har fløge ut og inn av hønsegarden som ho vil, men no ser det altså ut som ho har gjort det for siste gang... Synest litt synd på hønene som må vere inne i hønsegarden, men dei har jo eigentleg nok av plass der... Håper at Sinderella berre liggger å ruger ein plass, men det håpet byrjer å svinne litt no...

Skal forsøke å leggje inn nye bilete i morga:) Trur også eg vil skifte editor for heimesida, denne fungerer heller dårleg... Om nokon har gode forslag til ein enkel editor, med mange funksjonar og som er billig, er det berre å skrive dei i "comments" oppe til høgre:)